Firmatilbod
Har ditt firma eit oppdrag i Askvoll området og treng ein plass å bu? Askvoll Fjordhotell er plassen.
Vi tilpassar frokosten etter ønskje frå deg. Treng du tidleg frokost for å rekke første ferja til Værlandet/ Bulandet, er det ingen problem.
Skal firmaet jobbe med eit prosjekt som går over lengre tid, kan vi komme med eit godt tilbud.
Hotellet har 7 nyare rom med eigen kjøkkenkrok kor det er muleg å lage seg litt mat sjølv. Desse romma har og eigen inngang frå utsida, slik at du kan komme og gå når som helst, utan å forstyrre dei andre gjestane.
Vi sender faktura. Send førespurnad om pris til : post@askvollfjordhotell.no
Pensjonist-grupper
Vi ønskjer ofte velkommen til pensjonistgrupper som vil sjå kysten av Sogn og Fjordane. Askvoll fjordhotell er eit glimrande utgangspunkt for å oppleve dette interessante området.
Aktuelle opplevingar:
Værlandet-Bulandet - eit fantastisk øyrike knytt saman med bruer og vegar. Ferja går rett utanfor hotellet, og tek ca 1 time. Ferjetider finn du på kringom.no. Turen er verkeleg ei oppleving vi anbefaler, og retur med ferja på ettermiddagen gjer dette til ein fin og avslappande dag.
Helle Knivfabrikker - besøk ein av dei mest tradisjonsrike industribedriftene i landet
Jacob Sande-tunet er også ein populær tur for pensjonistgrupper. Opent om sommaren, med servering av kaffi og vafler
Vilnes kyrkje på Atløy, ei tømra langkyrkje frå 1674 er også eit godt alternativ
Husflidbua her i Askvoll er også ein stad de bør besøke.
Interessert i meir informasjon og pris? Ta kontakt med hotellet