Om hotellet

Askvoll Fjordhotell er eit lite hotell med restaurant i sentrum av Askvoll.  Vi har 25 rom med bad og er ein god stad å overnatte, optimal for lange og korte opphald, selskap og møter.

Mange vel tradisjonelt sett Askvoll Fjordhotell som overnattingsstad for å oppleve kystkulturen og lokal mat. Til den lokale marknaden tilbyr Askvoll Fjordhotell også lukka lag, konferanse, bar/pub, catering og vårt restauranttilbod.

Askvoll Fjordhotell har 25 rom der tre av dei er handikapvenleg. Her finn du 6 familierom og 7 rom for sjølvhushald. Askvoll Fjordhotell tilbyr utleige av sykkel. Her finn du 5 vaksne syklar, 2 syklar for born samt 2 el-syklar. 

Ta gjerne kontakt om det er noko du lure på! +47 57733535 /post@askvollfjordhotell.no

Askvoll

Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Kommunen strekkjer seg frå bygdene på sørsida av Førdefjorden i aust og til Bulandet i vest, med Dalsfjorden i sør og Førdefjorden i nord.

Askvoll byr på mektige naturopplevingar - frå fjord til øyar ytst i havgapet. Her finn du fleire av dei beste toppturane i regionen, som Alden (481 m.o.h) og Blegja (1304 m.oh), det høgste fjellet i regionen.

Er du interessert i historie og kultur, vil eit besøk på Helle Knivfabrikk vere av interesse. Lengst vest i havgapet ligg Bulandet og Værlandet med sine øyar, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240 meter vei. Øyane her er eit populært reisemål for deg som likar å sykle, padle, fiske eller å gå fotturar.