Fjellturar i fjordlandskap

Kysten av Sogn og Fjordane har mange flotte fjellturar. Her finn du både lette fotturar for heile familien og krevjande heildagsturar.

Ta ei helg i Askvoll og opplev vår herlege natur. Vi hjelper deg gjerne med planlegginga, og her er to forslag til fjellturar:

Blegja

Foto: Gustav Skaar - VisitFjordkysten

Foto: Gustav Skaar - VisitFjordkysten

Med sine 1304 m.o.h. er Blegja ein av dei råaste fjellturane på kysten av Sogn og Fjordane. Turen er krevjande, men utsikta frå toppen er uslåeleg! 

Blegja i Askvoll blir gjerne kalt Dronninga blant fjella i Sunnfjord, og ikkje utan grunn. Med sine 1304 m.o.h. er Blegja den høgste fjelltoppen i FjordKysten. Blegja byr på utsikt heilt til Jostedalsbreen og dei 7 fjella rundt Bergen, 100 km vekke! Ei spektakulær naturoppleving! 

Denne turen krev at du har litt erfaring og er ikkje veleigna for barn. Delar av terrenget er bratt, og ein må klatre det siste stykket mot toppen. Kjenner ein ikkje ruta må ein ha med seg kart, då det ikkje er like god merking heile vegen. Turen tek 4-5 timar og 3-4 timar ned.


Alden

Alden reiser seg 481 meter opp av havet, og er eit kjent seglingsmerke langs Norskekysten. På grunn av si særprega form er Alden kjent som ”norskehesten”. Utsikta frå toppen er storslått!
Tid: 2,5 time t/r. Grad: middels krevjande.

For å komme til Alden må ein ta ferje frå Askvoll. Sjå www.kringom.no for rutetider.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Askvoll

Neste
Neste

Paintball og Havrafting