Firmatilbod

Har du eller dine ansatte behov for overnatting eller ein møtestad i Askvoll og omegn ?

Om ditt firma har prosjekt eller oppdrag i Askvoll og omegn tilbyr Askvoll Fjordhotell hotellrom og møblerte leiligheter for leige i korte og lengre peiodar. På Askvoll Fjordhotell er vi lidenskapeleg opptatt av å vere eit godt vertskap ved å tilby god mat og yte god service som gjer at du som arbeidar og gjest føler deg heime hos oss!

Askvoll Fjordhotell har ein god beligenheit midt i Askvoll sentrum , med kort gåavstand til ekspressbåt, ferjer og butikkar.

Vi på Askvoll fjordhotell strekker oss langt for at gjestane våre skal føle seg heime, vi tilpassar difor måltid etter ynskje frå deg og dine ansatte.

Kontakt oss gjerne for eit uforpliktande tilbod : post@askvollfjordhotell.no

Pensjonist-grupper

Vi ønskjer ofte velkommen til pensjonistgrupper som vil sjå kysten av Sogn og Fjordane. Askvoll fjordhotell er eit glimrande utgangspunkt for å oppleve dette interessante området.

Aktuelle opplevingar:

  • Værlandet-Bulandet - eit fantastisk øyrike knytt saman med bruer og vegar. Ferja går rett utanfor hotellet, og tek ca 1 time. Ferjetider finn du på kringom.no. Turen er verkeleg ei oppleving vi anbefaler, og retur med ferja på ettermiddagen gjer dette til ein fin og avslappande dag.

  • Helle Knivfabrikker - besøk ein av dei mest tradisjonsrike industribedriftene i landet

  • Jacob Sande-tunet er også ein populær tur for pensjonistgrupper. Opent om sommaren, med servering av kaffi og vafler

  • Vilnes kyrkje på Atløy, ei tømra langkyrkje frå 1674 er også eit godt alternativ

  • Husflidbua her i Askvoll er også ein stad de bør besøke.

Interessert i meir informasjon og pris? Ta kontakt med hotellet